Luster
Familiemøte
Kva?
Alphakurs gir ei god innføring i kva den kristne trua handlar om. Kurset er fordelt over 10 kveldar og ein laurdag/helg.
Kven?
Det er eigna både for deg som er kristen, for deg som ikkje er kristen og for deg som er på leiting etter tru og meining med livet. På Alphakurset er det rom for undring, spørsmål og refleksjon.
Neste kurs!
Vi startar nytt Alphakurs torsdag 4. oktober 2018. Denne kvelden kan du koma om du er nysgjerrig på kurset, ikkje heilt har bestemt deg for om å du vil gå enda, eller vil ha ein smakebit på kva Alpha er. Kurset held fram annakvar torsdag utover hausten. Kvar kurskveld startar kl. 19.00 og vert avslutta 21:30. Det kostar ikkje noko å delta på kurset, men du kan betale ein liten sum for maten dersom du ynskjer det.
Kvifor?
Alle er velkommne på Alpha og det er mange forskjellige grunnar til at menneske deltek. Nokon prøver å finne ut om Gud finst, medan andre rett og slett søker eit nytt miljø og nye venner. Uansett er du hjarteleg velkommen.
Alphakveld!
Ein Alphakveld inneheld kveldsmat, film med undervisning om ulike tema og samtalar. I gruppa møter du menneske som har ulik ståstad i forhold til tru. Her er det lov å komme med spørsmå som ein samtalar om frå ulike perspektiv. Alle skal møtast med respekt og du vel sjølv korleis du ynskjer å engasjere deg i dei ulike tema som vert drøfta. Vi trur at vi alle kan lære noko av kvarandre.
Kvelden er lagt opp slik:
19.00: Kveldsmat
19.30: Film og gruppesamtalar
20.30: Kaffipause
20.45: Film og gruppesamtalar
21.30: Slutt
Vi ser fram til å treffa deg☺
Beste helsing
Kine og Marian
Påmelding til:
ma-vigda@online.no eller ekvigdal@online.no
Tema!
I løpet av eit kurs vil vi snakke om desse tema:
Er det meir i livet enn dette? Kven er Jesus? Kvifor døydde Jesus? Korleis kan eg få tru?
Kvifor og korleis kan eg be?Korleis og kvifor skal eg lesa Bibelen? Gud oss?Korleis kan eg stå i mot det vonde? Kvifor og korleis kan eg fortelja til andre?
Helbredar Gud i dag?Kva med kyrkja/menigheita?
Alphadag/helg:
Kven er Den heilage ande?
Kva gjere Den heilage ande?
Korleis kan eg bli fylt av Den heilage ande?
Internasjonalt!
Alphakurset er eit velprøvd kurs, som vert arrangert over heile verda. Meir enn 24 millionar menneske har gått eit Alphakurs – i kyrker, bedehus, i ein heim, på studiestad eller i eit fengsel. Alpha er å finne i 169 land, og er oversett til 112 språk.